
– Entusiasme og mot utan heimebane for andre år!
DEBATT: Innsender Tor-Inge Gloppen lot seg fascinere av årets sesongåpning.
NB: Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innholdet representerer innsenders meninger. Innsender er idrettsansvarlig, lærer og trener ved Wang Ung, men presiserer at han skriver innlegget som privatperson.
Da skjer mykje i kvinnefotball om dagen, og nivået aukar. Då er da kjekkare enn nokon sinne å vere tilskodar.
I dag var me klare for å sjå Toppserien sparka i gang, og endeleg skulle vi få sjå da nye «Kolbotn IL Elite» spele mot Vålerenga. Og for ein kamp da blei! Vålerenga, som har vunne serien to år på rad og er gullkandidatar også i år, herja til tider med Kolbotn.
Men resultatet fortel ikkje heile sanninga. Da unge Kolbotn-laget forsvarte seg godt, og Duffy hadde fleire gode redningar. Kolbotn hadde også nokre fine kontringar med Haga og Berg, men da blei bokstaveleg talt «stang ut» fleire gonger.
Da mest spektakulære augeblikket var då midtstoppar Hørte hos Vålerenga oppdaga at Kolbotns målvakt var eit godt stykke utanfor eige mål. Frå midtbanen fyrte ho av eit vanvittig langskot som dala over Duffy og inn i nettmaskene. Fantastisk teknikk på eit langskot!
«Klanen» song av full hals gjennom heile kampen.

Bergensarane er heilt rå på å støtte kvinnelaget sitt, og Brann stadion var nydeleg i vårsola
Tor-Inge Gloppen
Like etter såg me Brann – Rosenborg. Som bergensar som såg Sæternes, Lund og Knarvik herje frå «Store stå» på tidleg 2000-talet, den gongen då Brann ikkje hadde eit kvinnelag, var da heilt nydeleg å sjå kva ramme denne fotballkampen fekk. Da var endå eit slag for likestilling i fotball. Bergensarane er heilt rå på å støtte kvinnelaget sitt, og Brann stadion var nydeleg i vårsola. Kommentatorane sa at da var omlag 7000 tilskodarar (TV2), da var ellevill song gjennom heile kampen frå brannsupportarane. Da var høgt tempo og ein veldig teknisk og taktisk fotballkamp. Da var tydeleg at Isaksen var ei god og sterk signering. Rått å sjå damene ta turen ut for å møte folkemassen som venta på å få møte førebileta sine og kanskje få ein autograf. Da såg ut som alle barneskulane rundt Brann stadion var møtt opp. Håra reiste seg på armen.
Da er eit paradoks å nemne at neste kamp til Kolbotn Elite er ein heimekamp. Men dei spelar ikkje heime, dei spelar på «Grorud match kunstgress». Hadde dei spelt på «Sofiemyr stadion» eller «Sofiemyr kunstgress», hadde eg vore der. Eg er nok ikkje den einaste som tenkjer da.

Da er ikkje mykje «elite» over å spele i Toppserien utan garderobar, do og dusj – men Kolbotn viser entusiasme og mot. Da skal dei ha! Nytt lagnamn, nytt lag, ny trenar, utan heimebane. For meg ser da også ut som at lokalavisa også skyt skot på Kolbotn IL Elite. Dei har ikkje dei potensielle ungdommane og tilskodarane som kunne stått på stadion og heia på desse entusiastiske damene. Håpar brakkene og tribunene kjem på plass sporenstreks, medan Kolbotn endå har eit lag i Toppserien.
Men at kvinnefotball har fått medvind og er på veg fram, finst da ingen tvil om. Men på Kolbotn bles da motvind.
Skrevet av Tor-Inge Gloppen