Mener arbeiderparti-regjeringen styrker kulturlivet i Akershus
Komiteleder for kultur og næring i Akershus fylkeskommune Gunvor Eldegard skriver om regjeringens satsning på kultur i dette debattinnlegget.
NB: Dette er et debattinnlegg og gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kultur er limet som held samfunnet saman, det er røtene som bind oss til kvarandre og gir livene våre djupare innhald. Som komitéleiar for kultur i Akershus ser eg på kultur som ein grunnleggande del av fellesskapet vårt. Difor er eg glad for at regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024 gjev viktige løft til kulturtilbodet i Akershus og i Oppegård.
Arbeidarparti-regjeringa har sett av 75 millionar kroner til regionale kulturfond. Av desse går 7,7 millionar kroner til Akerhus. Desse midlane vil bidra til å styrke lokale kulturinitiativ og gje fleire moglegheiter for folk i Akershus til å oppleve og delta i kulturaktivitetar i nærmiljøet.
Regjeringa har lagt fram fleire konkrete tiltak som vil styrke kulturtilbodet i fylket. Henie Onstad Kunstsenter få eit investeringstilskot på 4 millionar kroner til etablering av eit kreativt verkstad for sosialt mangfald. Dette er berre starten, med tilsagn om ytterlegare 8 millionar kr i seinare budsjettår, slik at den samla støtta til prosjektet blir 12 millionar kr. Ei stor satsing som vil skape rom for kreativ utfalding og gje kunst- og kulturtilbod til fleire.
I tillegg vil Museene i Akershus (MiA) få auka tilskot på 1 million kr til forvaltning og vedlikehald av Roald Amundsens heim, Uranienborg. Dette er ikkje berre eit kulturtiltak, men også viktig for å bevare historia vår og formidle den til kommande generasjonar.
Høgresida i Akershus gjer ikkje nok for at kultur og idrett skal vere tilgjengeleg for alle, uansett økonomi eller bakgrunn. Difor har vi vore pådrivarar for vidareføring av Bizzy-appen, eit tilbod som før høgresida sitt kutt gjer det billegare for barn og unge å delta på kultur- og idrettsopplevingar. Når vi investerer i ungdommen sin tilgang til kunst, musikk, teater og sport, byggjer vi fellesskap og skapar moglegheiter for alle, ikkje berre for dei med spesielle talent.
Vi må heller ikkje gløyme den rolla frivillige spelar i lokalsamfunnet. Frivillige lag og organisasjonar bidrar til å skape eit rikt og variert kulturliv som gjev rom for alle. Derfor vil vi sørgje for at spelmidlar vert fordelt slik at idrettsanlegg og kulturarenaer over heile Akershus kan blomstre. Regjeringa innfører også full momskompensasjon for frivillege organisasjonar, som er sårt trengt.
I Akershus Arbeidarparti er vi tydelege på at vi ønskjer å satse på både talentutvikling og breiddetilbod innan kunst, kultur og idrett. Vi seier ja til offentleg støtte som gjev alle moglegheit til å delta, samstundes som vi løfter fram dei med særskilte talent. Kultur og idrett skal ikkje vere ein eksklusiv arena, men ein open og inkluderande møteplass for alle.
Vi skal fortsette å arbeide for at Akershus skal vere ein fylkeskommune der kultur, idrett og fellesskap er tilgjengeleg for alle. Arbeidarpartiet vil byggje engasjerande og sterke samfunn som gjev moglegheiter til alle.
Gunvor Eldegard
Komiteleiar for kultur og næring i Akershus